Radiolotteriet 2024 med basar laurdag 20. april

Jan Magnus Dybvik • jan. 26, 2024

Tirsdag 23. januar lanserte vi Radiolotteriet 2024, ei viktig inntektskjelde for drifta av Radio Nordvest. Loddsalet vil foregå fram til basaren som skal vere i Misjonssalen i Ålesund laurdag 20. april. I år har vi fått inn gevinstar til ein verdi av ca. 50.000 kr! Hovudgevinsten er ein flott lenestol med krakk. Sjå elles gevinstliste og bilete av ein del av gevinstane nedanfor. Vi håpar at mange vil vere med å støtte Radio Nordvest ved å kjøpe lodd i Radiolotteriet. Du kan kjøpe lodd ved å vippse til nr. 54 60 85 eller ringe oss i kontortida på tlf.nr. 70 17 44 44. Ved bruk av Vipps merk i kommentarfeltet: "Lodd". Ein del foreiningar og enkeltpersonar har dessutan fått tilsendt loddark i posten. Det kostar 20 kr per lodd. Kjøper du lodd ved å vippse eller ringe oss, blir det ikkje sendt ut lodd, men vi noterer på loddark på kontoret. Trekninga blir altså på basaren laurdag 20. april.

Gevinstliste (Nedanfor kan du sjå bilete av  nokre av gevinstane):


Lenestol med skammel (IMG Space 3800 Stol)

Barnesykkel

Helg for to på Bjorliheimen

Radio med FM/DAB+/Internettradio  (2 gevinster)

Legosett  (2 gevinster, Brannstasjon og Brannbiler)

Puslespill, 1000 biter  (2 gevinster, Slinningsbålet og Røros)

Familiespill  (2 gevinster, «Ticket to Ride» og «Vildkatten)

DeWALT borskrutrekker

Strikka damegenser «Granbarkufte», str. Medium

Strikka damegenser «Bystrikkgenser», str. Medium

Fotografi ved Rune Sæther

Saueskinn

Led lommelykt

Etiopisk dukke

Tova tøfler  (2 gevinster)

Gavekort fra Gjenbruken Ålesund à 200 kr   (2 gevinster)

Klippfisk à 2 kg   (3 gevinster)


13 May, 2024
Misjonssambandet i Nordvest arrangerer Regionmøte på Gomerhuset på Skodje 25. -26. mai. Nedanfor kan du høyre Regionleiar i Nordvest Steffen Stensland orientere om program og påmelding mm. Talarar i år blir: generalsekretær i Misjonssambandet Gunnar Bråthen og prest i Sandnes Vidar Mæland Bakke.
Av Jan Magnus Dybvik 03 May, 2024
Nyleg har regionsstyret i Misjonssambandet region nordvest og årsmøtet i pTro vedtatt at det blir fusjon mellom Radio Nordvest og radio pTro. Nedanfor kan du høyre styreleiar i Radio Nordvest, Martin Valen, og regionleiar i Nordvest, Steffen Stensland, orientere om bakgrunnen for og målet med fusjonen. Fusjonen vil tre i kraft frå 1. juni 2024.
Av Jan Magnus Dybvik 24 Apr, 2024
Boka «Da Gud grep inn» har kome i 11. opplag sidan den kom ut første gang i 2020. 20 personar fortel sine vitnesbyrd om korleis dei kom til kristen tru. Idéen til å skrive boka kom etter at journalist Ove Eikje blei pensjonist og fekk tid til å ta fram igjen og oppdatere trushistoriar om personar han tidlegare i karrieren hadde skrive om. Boka er ein flott gåveartikkel og evangeliseringsbok. Den er utgitt på forlaget: EB Media AS i 2022. Denne veka (veke 17) er han på ein liten turné på Nordvestlandet og vil presentere boka. Her ser du programmet for turnéen: Onsdag 24. april kl. 12.00: Misjonssalen i Ålesund Torsdag 25. april kl. 12.00: Emblem bedehus Torsdag 25. april kl. 19.00: Fiskå bedehus Fredag 26. april kl. 19.00: Ulsteinvik bedehus Søndag 28. april: Volda bedehus (ØVM)
Share by: