Misjonsveke på Møre barne- og ungdomsskule Ålesund

Jan Magnus Dybvik • jan. 24, 2024

Denne veka (veke 4) har Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund misjonsveke, dvs. ei annleis veke der tida blir brukt til å lære om og samle inn pengar til årets prosjekt: Star of Hope sitt prosjekt i Romania. Tre elevar var innom og fortalde om prosjektet i dag onsdag 24. januar: Leander Ødegaard Lovette, Molly Linea Lillevold Antonsen og Andrine Humblen. Nedanfor kan du høyre dei fortelle om misjonsveka og prosjektet dei samlar inn til ved Møre denne veka.

Alle tre elevane som var innom i studio var alle med i Foto og pressegruppa under årets misjonsveke.

Høyr intervju om misjonsveka og prosjektet i Romania her.
13 May, 2024
Misjonssambandet i Nordvest arrangerer Regionmøte på Gomerhuset på Skodje 25. -26. mai. Nedanfor kan du høyre Regionleiar i Nordvest Steffen Stensland orientere om program og påmelding mm. Talarar i år blir: generalsekretær i Misjonssambandet Gunnar Bråthen og prest i Sandnes Vidar Mæland Bakke.
Av Jan Magnus Dybvik 03 May, 2024
Nyleg har regionsstyret i Misjonssambandet region nordvest og årsmøtet i pTro vedtatt at det blir fusjon mellom Radio Nordvest og radio pTro. Nedanfor kan du høyre styreleiar i Radio Nordvest, Martin Valen, og regionleiar i Nordvest, Steffen Stensland, orientere om bakgrunnen for og målet med fusjonen. Fusjonen vil tre i kraft frå 1. juni 2024.
Av Jan Magnus Dybvik 24 Apr, 2024
Boka «Da Gud grep inn» har kome i 11. opplag sidan den kom ut første gang i 2020. 20 personar fortel sine vitnesbyrd om korleis dei kom til kristen tru. Idéen til å skrive boka kom etter at journalist Ove Eikje blei pensjonist og fekk tid til å ta fram igjen og oppdatere trushistoriar om personar han tidlegare i karrieren hadde skrive om. Boka er ein flott gåveartikkel og evangeliseringsbok. Den er utgitt på forlaget: EB Media AS i 2022. Denne veka (veke 17) er han på ein liten turné på Nordvestlandet og vil presentere boka. Her ser du programmet for turnéen: Onsdag 24. april kl. 12.00: Misjonssalen i Ålesund Torsdag 25. april kl. 12.00: Emblem bedehus Torsdag 25. april kl. 19.00: Fiskå bedehus Fredag 26. april kl. 19.00: Ulsteinvik bedehus Søndag 28. april: Volda bedehus (ØVM)
Share by: