Rektor Jon Ove Holen ved Vestborg gler seg over godt søkertal for neste år

Jan Magnus Dybvik • mar. 11, 2024

Den 1. mars gjekk søknadsfristen ut for å søke på blant anna Vestborg vidaregåande skule som ligg på Stranda på Sunnmøre. Skulens økonomi beror i stor grad på kor mange elevar som går ved skulen, og difor har det nok vore stor spenning for rektor og leiing ved skulen om kor mange elevar det blir neste år. Og søkertalet er veldig positivt for neste år, seier rektor Jon Ove Holen. Nedanfor kan du høyre han fortelle meir om søkertal (del 1) og også om ungdomsleir som nyleg har vore på Vestborg og om familieleir som skal vere i påska (del 2).

Biletet over: Jon Ove Holen i rektorstolen gler seg over gode søkertal til hausten på Vestborg.

Del 1, rektor Jon Ove Holen orienterer om søkertalet til Vestborg for neste skuleår. Del 2, om ungdomsleir i februar og om familieleir i påska på Vestborg mm.
Av Jan Magnus Dybvik 03 May, 2024
Nyleg har regionsstyret i Misjonssambandet region nordvest og årsmøtet i pTro vedtatt at det blir fusjon mellom Radio Nordvest og radio pTro. Nedanfor kan du høyre styreleiar i Radio Nordvest, Martin Valen, og regionleiar i Nordvest, Steffen Stensland, orientere om bakgrunnen for og målet med fusjonen. Fusjonen vil tre i kraft frå 1. juni 2024.
Av Jan Magnus Dybvik 24 Apr, 2024
Boka «Da Gud grep inn» har kome i 11. opplag sidan den kom ut første gang i 2020. 20 personar fortel sine vitnesbyrd om korleis dei kom til kristen tru. Idéen til å skrive boka kom etter at journalist Ove Eikje blei pensjonist og fekk tid til å ta fram igjen og oppdatere trushistoriar om personar han tidlegare i karrieren hadde skrive om. Boka er ein flott gåveartikkel og evangeliseringsbok. Den er utgitt på forlaget: EB Media AS i 2022. Denne veka (veke 17) er han på ein liten turné på Nordvestlandet og vil presentere boka. Her ser du programmet for turnéen: Onsdag 24. april kl. 12.00: Misjonssalen i Ålesund Torsdag 25. april kl. 12.00: Emblem bedehus Torsdag 25. april kl. 19.00: Fiskå bedehus Fredag 26. april kl. 19.00: Ulsteinvik bedehus Søndag 28. april: Volda bedehus (ØVM)
Av Jan Magnus Dybvik 23 Apr, 2024
Laurdag 20. april blei årets Radiobasar i regi av Radio Nordvest heldt i Misjonssalen i Ålesund. Det var full sal og god basarstemning! Det gav eit godt resultat på netto 58.972 kr til Radio Nordvest. Det er ca. 15.000 kr meir enn i fjor. Radiolotteriet gav 199.500 kr til Radio Nordvest, også det eit svært godt resultat, og det ca. 16.000 kr meir enn i fjor! Radio Nordvest takkar alle som møtte fram på basaren og alle som har kjøpt lodd i Radiolotteriet! Tusen takk også til Ole Audun Os for fin andakt på basaren og til Giske barnekor som bidrog med flott sang! Og takk til alle som hjalp til både på kjøkkenet og elles! Vinnarlista kan de sjå ein anna plass på Radio Nordvest si nettside.
Share by: