Håpskonsertar på Sunnmøre i regi av Norea Mediemisjon helga 12. - 14. april

Jan Magnus Dybvik • apr. 10, 2024

Komande helg, 12.-14. april, inviterer Norea Mediemisjon til Håpskonsertar i Engesetdal, Ulsteinvik og Sykkylven med Elisabeth Lillebø Sæth, Ingrid Grøvan og Ingvild Sæther. I tillegg blir dei med i Misjonsalen i Ålesund søndag kl. 11.00. Det blir god sang og musikk, inspirerande historier og info om Norea sitt arbeid. Nedanfor kan du høyre intervju med Elisabeth Lillebø Sæth i to delar som vart sendt på Radio Nordvest tirsdag 9. april.

Biletet over frå venstre: Ingvild Sæther, Ingrid Grøvan og Elisabeth Lillebø Sæth

Del 1 av intervjuet med Elisabeth Lillebø Sæth om Håpskonsertar på Sunnmøre Del 2 av intervjuet med Elisabeth Lillebø Sæth der ho bla. deler historie frå tur til Aust-Afrika
13 May, 2024
Misjonssambandet i Nordvest arrangerer Regionmøte på Gomerhuset på Skodje 25. -26. mai. Nedanfor kan du høyre Regionleiar i Nordvest Steffen Stensland orientere om program og påmelding mm. Talarar i år blir: generalsekretær i Misjonssambandet Gunnar Bråthen og prest i Sandnes Vidar Mæland Bakke.
Av Jan Magnus Dybvik 03 May, 2024
Nyleg har regionsstyret i Misjonssambandet region nordvest og årsmøtet i pTro vedtatt at det blir fusjon mellom Radio Nordvest og radio pTro. Nedanfor kan du høyre styreleiar i Radio Nordvest, Martin Valen, og regionleiar i Nordvest, Steffen Stensland, orientere om bakgrunnen for og målet med fusjonen. Fusjonen vil tre i kraft frå 1. juni 2024.
Av Jan Magnus Dybvik 24 Apr, 2024
Boka «Da Gud grep inn» har kome i 11. opplag sidan den kom ut første gang i 2020. 20 personar fortel sine vitnesbyrd om korleis dei kom til kristen tru. Idéen til å skrive boka kom etter at journalist Ove Eikje blei pensjonist og fekk tid til å ta fram igjen og oppdatere trushistoriar om personar han tidlegare i karrieren hadde skrive om. Boka er ein flott gåveartikkel og evangeliseringsbok. Den er utgitt på forlaget: EB Media AS i 2022. Denne veka (veke 17) er han på ein liten turné på Nordvestlandet og vil presentere boka. Her ser du programmet for turnéen: Onsdag 24. april kl. 12.00: Misjonssalen i Ålesund Torsdag 25. april kl. 12.00: Emblem bedehus Torsdag 25. april kl. 19.00: Fiskå bedehus Fredag 26. april kl. 19.00: Ulsteinvik bedehus Søndag 28. april: Volda bedehus (ØVM)
Share by: