Ein god gjeng frå Misjonssalen i Ålesund på Fellesskapet 24 i Oslo

Jan Magnus Dybvik • feb. 22, 2024

Den 9.-11. februar var det «Fellesskapet 24» i Oslo, og fleire var med blant anna frå Misjonssalen i Ålesund - deriblant ein god gjeng med ungdommar. Vi har spurt pastor Andreas Bakke i Misjonssalen i Ålesund om korleis han opplevde å vere med. Men først kva går «Fellesskapet 24» ut på? Du finn link til intervjuet under biletet nedanfor.

Biletet over: Pastor Andreas Bakke i Misjonssalen i Ålesund

Pastor Andreas Bakke om Fellesskapet 24
13 May, 2024
Misjonssambandet i Nordvest arrangerer Regionmøte på Gomerhuset på Skodje 25. -26. mai. Nedanfor kan du høyre Regionleiar i Nordvest Steffen Stensland orientere om program og påmelding mm. Talarar i år blir: generalsekretær i Misjonssambandet Gunnar Bråthen og prest i Sandnes Vidar Mæland Bakke.
Av Jan Magnus Dybvik 03 May, 2024
Nyleg har regionsstyret i Misjonssambandet region nordvest og årsmøtet i pTro vedtatt at det blir fusjon mellom Radio Nordvest og radio pTro. Nedanfor kan du høyre styreleiar i Radio Nordvest, Martin Valen, og regionleiar i Nordvest, Steffen Stensland, orientere om bakgrunnen for og målet med fusjonen. Fusjonen vil tre i kraft frå 1. juni 2024.
Av Jan Magnus Dybvik 24 Apr, 2024
Boka «Da Gud grep inn» har kome i 11. opplag sidan den kom ut første gang i 2020. 20 personar fortel sine vitnesbyrd om korleis dei kom til kristen tru. Idéen til å skrive boka kom etter at journalist Ove Eikje blei pensjonist og fekk tid til å ta fram igjen og oppdatere trushistoriar om personar han tidlegare i karrieren hadde skrive om. Boka er ein flott gåveartikkel og evangeliseringsbok. Den er utgitt på forlaget: EB Media AS i 2022. Denne veka (veke 17) er han på ein liten turné på Nordvestlandet og vil presentere boka. Her ser du programmet for turnéen: Onsdag 24. april kl. 12.00: Misjonssalen i Ålesund Torsdag 25. april kl. 12.00: Emblem bedehus Torsdag 25. april kl. 19.00: Fiskå bedehus Fredag 26. april kl. 19.00: Ulsteinvik bedehus Søndag 28. april: Volda bedehus (ØVM)
Share by: