Misjonsveke på Møre barne- og ungdomsskule Ålesund

Jan Magnus Dybvik • jan. 24, 2024

Denne veka (veke 4) har Møre barne- og ungdomsskule i Ålesund misjonsveke, dvs. ei annleis veke der tida blir brukt til å lære om og samle inn pengar til årets prosjekt: Star of Hope sitt prosjekt i Romania. Tre elevar var innom og fortalde om prosjektet i dag onsdag 24. januar: Leander Ødegaard Lovette, Molly Linea Lillevold Antonsen og Andrine Humblen. Nedanfor kan du høyre dei fortelle om misjonsveka og prosjektet dei samlar inn til ved Møre denne veka.

Alle tre elevane som var innom i studio var alle med i Foto og pressegruppa under årets misjonsveke.

Høyr intervju om misjonsveka og prosjektet i Romania her.
Av Jan Magnus Dybvik 24 Apr, 2024
Boka «Da Gud grep inn» har kome i 11. opplag sidan den kom ut første gang i 2020. 20 personar fortel sine vitnesbyrd om korleis dei kom til kristen tru. Idéen til å skrive boka kom etter at journalist Ove Eikje blei pensjonist og fekk tid til å ta fram igjen og oppdatere trushistoriar om personar han tidlegare i karrieren hadde skrive om. Boka er ein flott gåveartikkel og evangeliseringsbok. Den er utgitt på forlaget: EB Media AS i 2022. Denne veka (veke 17) er han på ein liten turné på Nordvestlandet og vil presentere boka. Her ser du programmet for turnéen: Onsdag 24. april kl. 12.00: Misjonssalen i Ålesund Torsdag 25. april kl. 12.00: Emblem bedehus Torsdag 25. april kl. 19.00: Fiskå bedehus Fredag 26. april kl. 19.00: Ulsteinvik bedehus Søndag 28. april: Volda bedehus (ØVM)
Av Jan Magnus Dybvik 23 Apr, 2024
Laurdag 20. april blei årets Radiobasar i regi av Radio Nordvest heldt i Misjonssalen i Ålesund. Det var full sal og god basarstemning! Det gav eit godt resultat på netto 58.972 kr til Radio Nordvest. Det er ca. 15.000 kr meir enn i fjor. Radiolotteriet gav 199.500 kr til Radio Nordvest, også det eit svært godt resultat, og det ca. 16.000 kr meir enn i fjor! Radio Nordvest takkar alle som møtte fram på basaren og alle som har kjøpt lodd i Radiolotteriet! Tusen takk også til Ole Audun Os for fin andakt på basaren og til Giske barnekor som bidrog med flott sang! Og takk til alle som hjalp til både på kjøkkenet og elles! Vinnarlista kan de sjå ein anna plass på Radio Nordvest si nettside.
Av Jan Magnus Dybvik 22 Apr, 2024
VINNARLISTE, RADIOLOTTERIET, RADIO NORDVEST 2024 Trekninga blei gjort under Radiobasaren laurdag 20. april. Lenestol med skammel: Arne Krogsæther Helg for to på Bjorliheimen: Camilla Giske Radio med FM/DAB+/Internettradio: Hanne Cathrine Welle Radio med FM/DAB+/Internettradio: Soili og Jan Magnus Dybvik Saueskinn: Janny Engås Led lommelykt: Bodil og Hallvard Fiskerstrand Familiespill, Ticket to Ride: Marianne Valbø Familiespill, Vildkatten: Erna Eidhamar Puslespill, Slinningsbålet: Kenneth Roger Aure Puslespill, Røros: Karin Sæther Barnesykkel: Idar Negatu DeWalt borskrutrekker: Ellen Farstad Fotografi ved Rune Sæther: Randi og Einar Furnes Strikka damegenser "Granbarkufte": Gjertrud Straume Strikka damegenser "Bystrikkgenser": Amalie Dahl Legosett, brannbiler mm.: Liv Randi Rystad Legosett, brannstasjon: Bjørg Otterlei Tova tøfler: Erna og Magne Arild Torgersen Tova tøfler: Johannes Ulvestad Etiopisk dukke: Målfrid og Johannes Hagebø Gavekort, Gjenbruken Ålesund: Olaug og Håkon Almelid Gavekort, Gjenbruken Ålesund: Kjell Gjelsten Klippfisk, 2 kg: Ingeborg Fure Klippfisk, 2 kg: Magni Petra Eikrem Klippfisk, 2 kg: Anita Woldsund
Share by: