Intervju med Anders Myrene, ny dagleg leiar i NSP-AID

jan. 30, 2024

Anders Myrene jobba i fleire år om bord i båten Anastasis, i regi av Mercy Ships. Då han kom til Afrika for første gong, til Vest-Afrika, var han «solgt» som han sjølv seier det. Han seier vidare: «Har man først fått smaken på dette med utearbeid og bistand kan det vere litt vanskeleg å kome tilbake igjen til Norge. Anders Myrene er frå Haddal i Ulstein kommune på Sunnmøre, og nyleg tok han over som dagleg leiar i NSP-AID etter mangeårig leiar og gründer Gunnar Hamnøy. Nedanfor kan du høyre intervju med han som var sendt på Radio Nordvest, tirsdag 23. januar (del 1 og 2) og tirsdag 30. januar (del 3 og 4). Han var Gjest i Nordvest i Radio Nordvest.


Biletet ovanfor: Anders Myrene, ny leiar i organisasjonen NSP-AID.

Del 1 Anders Myrene ombord i Mercy Ships Del 2 Anders Myrene i Asia og for Misjonsalliansen Del 3 Anders Myrene ny dagleg leiar i NSP-AID Del 4 Anders Myrene og trua på Jesus
13 May, 2024
Misjonssambandet i Nordvest arrangerer Regionmøte på Gomerhuset på Skodje 25. -26. mai. Nedanfor kan du høyre Regionleiar i Nordvest Steffen Stensland orientere om program og påmelding mm. Talarar i år blir: generalsekretær i Misjonssambandet Gunnar Bråthen og prest i Sandnes Vidar Mæland Bakke.
Av Jan Magnus Dybvik 03 May, 2024
Nyleg har regionsstyret i Misjonssambandet region nordvest og årsmøtet i pTro vedtatt at det blir fusjon mellom Radio Nordvest og radio pTro. Nedanfor kan du høyre styreleiar i Radio Nordvest, Martin Valen, og regionleiar i Nordvest, Steffen Stensland, orientere om bakgrunnen for og målet med fusjonen. Fusjonen vil tre i kraft frå 1. juni 2024.
Av Jan Magnus Dybvik 24 Apr, 2024
Boka «Da Gud grep inn» har kome i 11. opplag sidan den kom ut første gang i 2020. 20 personar fortel sine vitnesbyrd om korleis dei kom til kristen tru. Idéen til å skrive boka kom etter at journalist Ove Eikje blei pensjonist og fekk tid til å ta fram igjen og oppdatere trushistoriar om personar han tidlegare i karrieren hadde skrive om. Boka er ein flott gåveartikkel og evangeliseringsbok. Den er utgitt på forlaget: EB Media AS i 2022. Denne veka (veke 17) er han på ein liten turné på Nordvestlandet og vil presentere boka. Her ser du programmet for turnéen: Onsdag 24. april kl. 12.00: Misjonssalen i Ålesund Torsdag 25. april kl. 12.00: Emblem bedehus Torsdag 25. april kl. 19.00: Fiskå bedehus Fredag 26. april kl. 19.00: Ulsteinvik bedehus Søndag 28. april: Volda bedehus (ØVM)
Share by: